Baadehuset, eit handelshus frå 1850-talet i Espevær, reist i ei historisk viktig tid langs kysten då vårsildfisket sørgde for store inntekter til landet. Administrasjonssentrum for fiskeriet i sørvest. Huset framstår originalt og er utstyrt med tidsrette møblar og utstyr. Formidling av historia via videoframvising. Fast opningstid i sommarsesongen og sal av kaffi, te, is, brus, kort m.m. Andre opningstider iht. avtale. For å koma til Baadehuset må ein ta kabelferja frå Garvika over Norda Sundet. Ferja er sertifisert for 4 vaksne og kostar 20 kr. Alle norske myntar kan brukast. Ny utstilling i 2021 vil vera utstyr frå Espevær Skule som blei lagt ned våren 2020.